PRINT

Er du ein av dei som bestilt biletutskrift på nettet og blitt skuffa over resultatet? Me i Print og Ramme har lang erfaring med printing og redigering av biletfiler. Hos oss vert alle biletfiler sjekka og sett over før printing. Kvifor? Fordi kvart bilet krev redigering i forhold til papiret og printaren det skal skrivast ut på. Eit bilete på matt papir, gjev eit heilt anna uttrykk enn same bilete printa på glansa papir.

I studioet vårt har me to profesjonelle Epson storformat-printera til ulike føremål. Me kan velga den skrivaren med det fargerommet som passar best til biletfila di, som t.d printar med ekstra svart og gråtone-blekk for svart/kvit utskrifter. Epson-skrivarane våre lagar utskrifter med fine, naturlege fargar og djupt svartnivå. Blekket har svært lang levetid.​ For bilete som heng i ei ramma med glas vil det ta mellom 100 og 200 år før ein kan sjå endring i fargebalansen eller falming.

Kva papir passar best til bileta mine, og treng biletfila ekstra redigering? Me kan hjelpa deg med desse spørsmåla. Sjølv om det ikkje er noko fasitsvar, vil rett val av papir og rett redigering av biletfila vera med på å heva sluttresultatet frå fint til fantastisk.

Om du ønskjer å redigera eller retusjera biletfila, gjev me eige tilbod på det.

Standard fotopapir

Glansa fotopapir
Klassisk fotopapir mykje brukt av bryllaup- og portrettfotografar. Stort fargerom, føles ut som eit autentisk fotografi med noko tekstur i overflata.

Matt fotopapir
Fotopapir laga av cellulosefiber, dog framleis syrefritt. Fin naturleg varmtone og litt tekstur i overflata. Fint matt papir i en klasse for seg sjølv, kun slått av fine-art bomullspapira, men til ein rimelegare pris.

previous arrow
next arrow
Slider

FineArt papir

Vårt finaste papir med Epson UltraChrome Pro pigment-blekk. Gje bileta dine eit eksklusivt og kunstnerisk preg med vårt Fine Art papir frå Hahnemühle og Epson. Alle papira i denne kategorien er av museumskvalitet. Dei fleste består av 100% bomull og er garantert syrefri. Passar perfekt til dei fineste bileta dine. Vel du kunstpapir frå oss kan du være trygg på at du vel frå øverste hylle. Desse papira blir ofte brukt til utstillingar og kunsttrykk med begrensa opplag. Me anbefaler alltid å ramma inn prints dersom haldbarheit er viktig. Levetida aukar betrakteleg når det vert montert i eit verna miljø kombinert med UV-glas og syrefrie materiale.

previous arrow
next arrow
Slider

FineArt Matt

William Turner – Hahnemühle
Fine Art bomullspapir med matt akvarell tekstur i overflata. Ideelt til fine art foto og kunstreproduksjon. Teksturen er kraftig, men det går ikkje utover skarpleiken. Vanskeleg å forklara med ord, må sjåast.

German Etching​ – ​Hahnemühle
Dette papiret har ein fløyelsaktig matt tekstur med ein varm kvit-tone, som gjer at dette papiret også passar godt til fine art bruk. Teksturen er ikkje like tydelig som på William Turner. Passar godt til reproduksjon av litografi eller pastellmåleri.

Hot Press Natural og Hot Press Bright – Epson
Fine art papir av 100% bomull med svært god fargemetning, lysstyrke og svartnivå. Overflata er heilt glatt og papiret er tjukt, heile 330gsm. Både ser og kjennes ut som ekte fine-art papir. Kjem i ein varm kvit og ein lys kvit utgåve

FineArt Glansa

FineArt Baryta​ – ​Hahnemühle
Tjukt fotopapir med baryt i overflata gjev eit første klasses høgt-glans fine art papir. Papiret skil seg frå Luster papir ved at den naturlege strukturen i papiret kjem fram, samt at det er tjukkare og har enno djupare svartnivå.

Photo Rag Metallic ​-​ Hahnemühle
Eit unikt papir introdusert ganske nyleg. Bomullsbasert barytpapir med ei helt spesiell metallisk overflate. Passar godt til svart kvit bilete med mye kontrast og til bilete av metalliske gjenstandar .

previous arrow
next arrow
Slider

previous arrow
next arrow
Slider

FineArt Naturlig

Hemp og Agave​ – ​Hahnemühle

Plantebasert papir basert på cellulose frå hemp og agave. Det unike med disse plantene er at de veks raskt, krev lite vann og ingen sprøytemidler.

Print på lerret

Vert festa på blindramme av våre rammemakere. Vert levert klare til å hengast på vegg med profesjonelt oppheng. Me styrkjer hjørna for å unngå at lerrete blir slakt. Kantane rundt blindramma er det fleire måtar å handtera. Me kan skriva ut bilete slik at det fortsett
rundt kantene, eller me kan spegla bilete slik at heile bilte viser på framsida. I tillegg kan du velja å skriva ut kanten i en bestemt farge.
Spør oss gjerne om råd, om du er usikker.

Matt lerret på blindramme
Foto på lerret passer godt til portrett og «still life» motiv. Den matte overflata gjev bilete eit mjukt uttrykk, noko lerret teksturen er med å fremheva. Me brukar Epson PremierArt Water Resistant Canvas. Syrefritt og fritt for lignin(trelim). Me behandlar print på matt lerret med beskyttelse i fleire lag. Først og fremst gjev dette auka UV-vern, men det er også med å hindra at lerrete «sprekk» i kantane.

Satin lerret på blindramme
Lerret med ei semi-glansa overflate som gjev et meir tradisjonelt fotouttrykk. Passar fargerike og kontrastrike motiv, då dette lerrete kan vise djupare svart enn det matte alternativet. Me brukar Epson PremierArt Canvas Satin. Syrefritt og fritt for lignin(trelim).

Print på aluminium

Få bilete ditt montert på aluminiumkompositt for ein moderne og minimalistisk stil. Aluminium Dibond er et 3mm tjukt kompositt panel, som har to lag med aluminium med ein svart kjerne av polyethelene. Det er stivt og stabilt og eignar seg godt som bakplate for foto då det kan hengjast rett på veggen.