Ein liten guide til valg av innramming

Slide
Spill avPlay


Innramming

Å velga rett ramme er ofte ei personleg avgjering tufta på smak og preferansar.
Rammene på rammeverkstaden er laga av forskjellige treslag i beste kvalitet, og det kan vera enklare rammer i forskjellige fargar og nyansar, eller dyre og forseggjorte med ornamenteringar og bladgull.
Det er mange element når rett ramme skal velgast. Blandt anna stilen til rommet som bilete skal henga i, samt bilete sjølv. Riktig fargeval vil framheva bilete og heve det til eit anna nivå.

Her på verkstedet har me kompetanse og erfarng med kva som ser bra ut, og me vil derfor oppfordra til ein samtale med oss dersom du er usikker på val av innramming. Du finn oss i Torgbakken 11 på Stord.


Innrammingsteknikkar

Standard innramming
Standard innramming Andersland
Standard innramming Lisa
previous arrow
next arrow

Standard innramming

Den vanlegaste innrammingsmåten med rammelist, passepartout og glas.

Flytande innramming

Bilete vert festa slik at er eit mellomrom til passepartoutkartongen under. Det vert då ein effekt som om bildet svevar inne i ramma.

flytandeinnrammingv2png
flytande innramming plakat
flytandeinnrammingdetalje
previous arrow
next arrow
Skyggelaus innramming
Skyggelist innramming detalj
previous arrow
next arrow

Skuggelist

Måleriet er ramma inn med ei L-forma list, utan glas. Det er ca 1cm mellomrom mellom måleriet og lista.

Kantlaus innramming

Bilete går ut til kanten av ramma. Utan passepartout, men med ei innenkantlist, slik at bilete ikkje ligg inntil glaset.

Kantlaus innramming
Kantlaus innramming kittelsen
Kantlaus kittelsen detalj
previous arrow
next arrow
Objektinnramming
Objektinnramming 2
previous arrow
next arrow

Objektinnramming

Innramming av gjenstandar i ei djup ramme, slik at den vert ein slags boks. Flott måte å presentera verdfulle ting.

Glas

Glaset i ramma har som oppgåve å beskytta sjølve bildet, det skal vera lett og sterkt, med minst mulig fargestikk, og helst beskytta mot skadelege UV-stråler. Med skreddarsydd innramming har ein fleire valg når det gjeld glaset til innramminga. Me brukar glas som er spesielt produsert for innramming.

Standard tjukkelse er 2mm i forskjellige format opp til 120x230cm. Glaset vert skåre til for hand og tilpassa størrelsen på ramma. Hos oss kan du velga mellom vanleg glas, artglas, glas med 99% UV-stopp og plexiglas.

Det billigste er standard glas, som fungerer fint men som kan gi litt gjennsyn samt gi dårlegare UV-beskytting, slik at kvaliteten på biletet raskare vert redusert. Artglas er eit glas nesten utan refleksjon og med god UV-beskytting og er det glaset me anbefaler ved innramming av kunst.

Passepartout

Passepartouten er det kvite som ein ofte kan finna mellom biletet og ramma. Den er vanlegvis laga av tjukt syrefritt bomullskartong. Passepartout kan brukast til å fremheva ein farge i kunstverket eller berre brukast til å auka størrelsen på eit lite bilete.

Det kan bestå av eit enkelt stykke kartong med ein firkanta opning i, eller den kan lagast meir avansert med doble-triple lag, ovale opningar og andre dekorative former og stilar. I tillegg til det visuelle formålet har passepartouten ein viktig praktiske funksjon med at det vert eit naudsynt luftrom mellom biletoverflata og glaset i ramma.